Oppbevaring av vitamin B12-ampuller

07.12.2020

Farmasøyt har høyrt frå kundar i apoteket at somme legekontor oppbevarer vitamin B12-injeksjonsvæske i kjøleskap. Har dette noko for seg eller kan det skade preparatet? I følgje preparatomtalen (SPC) skal preparatet oppbevarast ved høgst 25 grader, men oppbevaring i kjøleskap nemnast ikkje.

SVAR:

 I Noreg finst det for tidea tre injeksjonspreparat med vitamin B12 - eitt med innhald av cyanokobalamin (Vitamin B12 Takeda) og to med hydroksokobalamin (Vitamin B12 Depot Takeda), og Orifarm. I begge preparatomtalane (SPC) er det oppgjeve at dei skal oppbevarast ved høgst 25 ℃, men ikkje noko om nedre temperaturgrense (1). Tilsvarande opplysningar finst i andre kjelder (2, 3).
Stabiliteten til B-vitamin i oppløysningar kan påverkast av lys, varme, fuktigheit, pH, oksiderande og reduserande agens. Stabiliteten til vitamin B12 i oppløysning påverkast særskilt av lys. Nedbrytinga aukar ved aukande lyseksponering, og det er derfor tilrådd at preparata skyddast mot lys. Dersom denne oppbevaringsbetingelsen er oppfylt, er oppløysningar med vitamin B12 svært stabile ved temperaturar opp til 25 ℃, og kan også oppbevarast i korte periodar ved høgare temperaturar (2, 4).
Først ved tilsetjing av andre legemiddelsubstansar, til dømes andre vitamin som kan akselerere nedbrytinga av vitamin B12, kan det vere naudsynt å oppbevare oppløysninga ved lågare temperaturar (4). Det er altså ikkje mistanke om at oppbevaring av vitamin B12-injeksjonsvæske i kjøleskap skal skade preparatet, men det er heller ikkje naudsynt, då vitamin B12 er svært stabilt i romtemperatur. Ved oppbevaring av vitamin B12-injeksjonsvæske i kjøleskap er det tilrådeleg at injeksjonsvæska romtempererast før administrasjon til pasienten, for å minimere ubehag ved injeksjon.

Referanser

  1. 1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Vitamin B12 Takeda (Sist oppdatert: 1. juli 2015), b) Vitamin B12 Depot Takeda (Sist oppdatert: 1. september 2015). https://www.legemiddelsok.no/
  2. 2. McEvoy GK, editor. Vitamin B12. The AHFS Drug Information (online). https://www.medicinescomplete.com/ (Søk: 27. april 2018).
  3. 3. Trissel LA, editor. Handbook on Injectable Drugs (online). https://www.medicinescomplete.com/ (Søk: 27. april 2018).
  4. 4. Monajjemzadeh F, Ebrahimi F et al. Effects of formulation variables and storage conditions on light protected vitamin B12 mixed parenteral formulations. Adv Pharm Bull 2014; 4(4): 329-38.